Klima i usa – wikipedia cool female back tattoos

Klimaet i USA er kjenneteikna med nokre av dei mest ekstreme vêrfenomena ein har på jorda, som tropiske orkanar, tornadoar, snøstormar, store temperaturskilnadar, og enorme nedbørsmengder. Landet har ein minimums- og maksimumstemperatur som varierer frå -62 °C til 57 °C, og stader har fått 1000 mm regn på mindre enn ein dag, medan andre område har fått 25 meter snø på berre ein vinter.

Dei 48 samanhengande statane ligg alle innanfor den tempererte sona, så ein kan vente seg både behaglege temperaturar og stundom svært kalde eller varme forhold så godt som alle stader. Folk på miami beach har sett snø falle til bakken (januar 1977), medan temperaturen har blitt så høg som 49 °C i north dakota, som ligg på same breiddegrad som frankrike.


Mexicogolfen sender opp mykje fukt over dei austlege områda av landet, slik at minneapolis kan vere like fuktig som new orleans midtsomars. Forholda er tørrare og friskare i rocky mountains, og vêret i california er ei verd i seg sjølv. I dei indre områda her finn ein både den steikande varme death valley og dei snøkledde sierra nevadafjella.

New england har eit typisk temperert klima med fire årstider: ein varm sommar, ein kald vinter, ein solrik, men ofte kjølig vår og ein frisk, kjølig haust. Amazing mens tattoos kortid som helst på året, men særleg frå oktober til juni, kan området kome ut for ein nor’easter, som har fått dette namnet fordi vinden bles frå nordaust når eit uvêr nærmar seg. Når dei flyttar seg opp langs kysten fører nor’easter vanlegvis med seg ein dag og to med regn, vind og gråvêr. Like ofte kan derimot eit høgtrykk flytte seg sørover frå canada og gje nokre dagar med klårt og fint vêr.

Dei store kystbyane sørover langs kysten har eit klima mykje likt new england, men det vert gradvis varmare jo lenger sør ein kjem. Washington DC er i middel om lag 5 °C varmare enn boston, som er nok til at sommaren nesten er subtropisk. Vinteren er òg litt mildare og byen får berre halvparten av snømengda som boston får. Sommaren på austkysten er disig, varm og fuktig. Dei verste varmebølgjene kan sende temperaturen opp mot 40 °C når ein tørr vestavind strøymer nedover appalachane, ei fjellrekkje som går parallelt med kysten frå maine til alabama. Stader i høgda er nokre grader kaldare enn områda ved kysten. Vinterkulda kan vere brutal frå dei øvre områda av staten new york og nordover i new england, der temperaturane kan bli lågare enn -35 °C. Dei store kystbyane får sjeldan temperaturar lågare enn -15 °C, men kvar vinter kan dei få snøstormar med sterk kuling og over 30 cm snø, som kan stenge flyplassar og motorvegar for ein dag eller meir. Orkanar og tornadoar oppstår ikkje så ofte i desse områda, men begge kan vere katastrofale når dei først slår til. Sjølv orkanar som berre kjem i nærleiken av desse områda kan skape farlege straumkvervlar og dønningar langs kysten. Bortsett frå alt dette har dei store kystbyane mykje fint vêr, særleg om våren og hausten då temperaturane er moderate og lufta forholdsvis klår.

Klimaet i denne sørlege delen av USA er varmt og fuktig stort sett heile året bortsett frå midt på vinteren. Den midla maksimumstemperaturen er høgare enn 26 °C frå mai til oktober frå louisiana til georgia. Litt meir behagleg er det på kysten der sjøbrisen vanlegvis gjev litt vind på kysten på varme ettermiddagar, eller i appalachane, som strekkjer seg så langt sør som til det nordaustlege alabama og nordlege georgia. Female upper back tattoos dei lange somrane i dette området inneheld vanlegvis ein del regn- og torebyger, og stundom ein tropisk storm eller orkan, som kan gje enorme nedbørsmengder.

Vinteren er meir varierande med klåre og fine dagar, ofte behagleg mildt, men av og til bitande kaldt, og ein kan ha alt frå kraftige torevêr til snø. Under el niño-år regnar det ofte meir om vinteren her. Området frå arkansas til carolina er utsett for isstormar. Tornadoar kan oppstå året rundt, men er vanlegast om vinteren og tidleg på våren.

Nordlege delar av florida har mykje det same klimaet som i resten av sørstatane, men sør for orlando er klimaet tropisk. Det er sjeldan frost her, og sola er skarp sjølv på vinterstid. Det meste av nedbøren kjem om sommaren i så godt som daglege regn – og torebyger med mange lynnedslag. Frå juni til november kjem òg ofte ein del av nedbøren i samband med orkanar som råkar florida i gjennomsnitt ein gong i året.

Dei sentrale områda av USA har eit kontinentalklima, som vert påverka av element frå alle retningar. September og oktober er ofte den finaste tida på året, då den verste varmen frå sommaren har gjeve seg, og vinterkulda enno ikkje har kome. Vintrane her er like kald og ofte kaldare enn i dei nordaustlege områda, og ofte med stor vindavkjølingseffekt, men snøfallet varer som regel berre i korte periodar om gongen. Awesome tattoos designs for guys unntaket er langs den sørlege og austlege kysten av dei store sjøane, der kaldluft som strøymer over dei relativt varme innsjøane om hausten og tidleg på vinteren fører til store snøfall. Av og til kan det kome ein meter snø på ein dag og to, medan områda ein times køyretur innanfor ikkje får noko. Varmeperiodar om vinteren her er tørrare og meir solrik enn i nordaust.

Ettermiddagane seint på våren og om sommaren kan ofte ha intense torevêr, særleg i områda frå iowa og det sørlege minnesota sør for dei store innsjøane til ohio. Kystområda av innsjøane har stort sett moderate temperaturar om sommaren, bortsett frå når varmebølgjer byggjer seg opp. Sommaren har ofte overraskande høg fukt på grunn av all fukta som fordampar frå jordbruksområda. Kombinert med varmestråling frå asfalt og bygningar kan fukta i byar som st. Louis og chicago halde nattetemperaturen over 25 °C.

Området frå north dakota til texas har steppeklima, ei overgangssone mellom det fuktigare regimet i aust og det tørrare området i rocky mountains og ørkenane lenger vest. Sommardagane kan bli svært varme, men luftfukta vert lågare når ein kjem lenger nordvest. Hausten er den mest behaglege tida på året her. Kaldfrontar om vinteren kan presse kald luft sørover frå canada til texas i løpet av få dagar. Like raskt kan lufta varmast opp, særleg like aust for rocky mountains der stillehavsluft kan erstatte polarlufta på ein augneblink. I enkelte tilfelle har temperaturen stige med over 20 °C i løpet av få minutt.

Dei nordlege slettene er kaldare enn lenger sør, medan nedbørsfordelinga varierer frå aust mot vest. I søraustlege delar av texas får houston om lag 1200 mm på eit år, medan del rio i rio grandedalen lenger vest berre får halvparten. Utan store fjellrekkjer i området kan lågtrykk som utviklar seg aust for rocky mountains samle luft inn frå alle kantar, og vinden kjem ofte over 15-17 m/s ( stiv kuling) på slettene, og vindstille er det sjeldan. Lower back tattoo designs 2009 I tørre vårsesongar kan støv blese opp i lufta og gje himmelen ein koparfarge og til og med sleppe frå seg eit tynt støvlag. Dette er ei påminning om dei katastrofale «dust bowl» sandstormane på 1930-talet. Når det er fukt i lufta og frontar nærmar seg, kan det oppstår kraftige tornadoar på desse slettene.

Vestkysten er mykje fuktigare enn dei indre områda av california, oregon og washington. Unntaket er dei vestlege fjellsidene av sierra nevada som er kjend for å få enorme snømengder når den fuktige lufta frå stillehavet strøymer over fjellet. Stillehavskysten i california har derimot eit middelhavsklima, med tørre og varme somrar. På kysten av california kjem det så godt som ingen nedbør frå juni til september, men om våren og tidleg på sommaren kan ein ofte ha tåke på grunn av dei kalde havstraumane utanfor. San francisco er blant anna kjend for dette fenomenet. Vinteren er våtare i california og åssidene vert grøne, men det regnar sjeldan meir enn kvar tredje dag.

Lenger nord har ein derimot regn oftare, og skyene kan gjerne ligge ei veke og to i slengen. Somrane her er òg solrike som i california, men sidan dei ligg lenger nord er temperaturen nokre gradar lågare. Dei fleste lågtrykka om vinteren er svakare enn dei på austkysten, men det finst unntak. Lengre regnperiodar kan medføre flaum, og kraftig vind kan velte straumleidningar. Stundom kan polarlufta strøyme over rocky mountains og dei vestlege områda av washington kan bli dekte av både is og snø heilt ut til kysten.